torsdag 30. april 2009

På toppen av Andes

Overskrifta er ei overdriving på den måten at det finnes hundrevis av toppar i Andesfjella som er høgre enn den vi var på igår, men likevel kjentes det som om vi var på taket av verda, med utsikt over heile Cochabamba og med høge fjell så langt auga nådde. Det hadde ikkje vore råd for oss å nå så høgt på ein dagstur, om det ikkje var for at ein kunne køyra ganske langt med David sin firehjulsdrivne Pick-up. Den tynne lufta i oppunder 5000 meter over havet gjer enkelte av oss tungpusta berre vi set oss ned på huk og reiser oss opp att. Målet var ein topp på over 5300 meter. Ikkje alle greier så tunn luft, og vi var veldig vare for teikn på høgdesjuke. Men her var det berre å ta eit steg om gongen, gå seint og vinna pusten att når det var nødvendig. På slutten, var det kvart tiande steg, for underteikna sin del. Men til topps kom vi, det vil sei, seks av oss. Det var ei slik velsigning å stå på toppen og lysa Guds signing over byen og landet. Vi kjende oss enormt velsigna på alle måtar etter denne fantastiske dagen. Norleif

6 kommentarer:

  1. bukker og neier og bøyer meg i støvet, eg er imponert!!

    SvarSlett
  2. Hørtes fantastisk ut =D

    SvarSlett
  3. så flinke dere er! ;p

    SvarSlett
  4. Geir Tore T. Hanssen1. mai 2009 kl. 18:04

    Ein topp er ein topp for den som har ei mål.

    SvarSlett
  5. Geir Tore T. Hanssen1. mai 2009 kl. 18:06

    Jag menar: Ein topp er ein topp for den som har målet i sikte.

    SvarSlett
  6. hei bolivia,savner kommentarer.dere har det ok.eller?mam

    SvarSlett